Den registrerte delen av fotosamlinga til Sunnfjord Museum er på om lag 5.000 bilete. Samlinga omfattar innsamla bilete frå privatpersonar i Sunnfjord, i tillegg til samlingar etter lokale fotografar som Anton Øygard, Tollef Sandal og Elias Eide på Jølster. Samlinga dekker 100-årsperioden frå 1860-talet til om lag 1960. 

Fotosamlinga etter førdefotografen Olai Fauske vart gjeve til museet. Samlinga inneheld om lag 8.500 negativar i tillegg til ei positivsamling på om lag 9.000 bilete. Denne interessante og viktige samlinga har blitt overført til Fylkesarkivet i Vestland. Saman jobba Sunnfjordarkivet og då Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane mellom 2016 -2018 med prosjektet "Samlinga etter fotograf Olai Fauske." Målet var å gjere det rike fotomaterialet tilgjengelig for forskerar og ålmenta. Resultatet var mellom anna at heile negativsamlinga til Fauske er digitalisert og tilgjengelig i fylkesarkivet sin fotodatabase. Du finn også eit utval av fotografia på Fylkesarkivet i Vestland sin Flickr konto.

Det aller meste av desse bileta er ikkje klausulerte, og er ei viktig kjelde til kunnskap om nær fortid for privatpersonar, media, forlag og andre brukarar av fotoarkivet.

Svartkvitt foto. Elva Jølstra med landskap i bakkgrunnen. På høgre side av bilde, ein ung gut, tre kvinner og ein man sit i ein robåt. Eine kvinna ror.  Mannen har ein gramofon.
På elva Jølstra i Førde. Foto: Olai Fauske/ Fylkesarkivet i Vestland