Museet har omtrent 13 000 registrerte gjenstander. Det er stor variasjon i samlinga, men mykje er frå 1700 -1800-talet. Dei siste tiåra har det også vore eit fokus på innsamling av gjenstandar frå dei siste 100 -150 åra.
Gjenstandssamlinga speglardagleglivet for folk flest i sunnfjordbygdene og det er ei hovudvekt på arbeidsliv og levesett i jordbrukssamfunnet. Tematisk er hovuddelen av samlingane reiskap, handverksverktøy, handverksprodukt, klede og andre tekstilar og ulike typar husinventar.
Fem av husa i friluftsmuseet er innreid, og samlinga blir også aktivt bruka i skiftande utstillingar og i formidlingsopplegg. Du finn ein dtor del av samlinga på Digitalt museum, og om du følgjer oss på Facebook eller Instagram får du også sjå utvaldte delar gjennom serien vår "månandens ting".