reklameplakat for kurset

22. - 24. april inviterer vi til kurs i korgfletting på Sunnfjord Museum.
Det er god interesse for slike kurs, og vi er glade for at korgmakarane, Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø, igjen har høve til å undervise dette handverket.

Innhald: Kurset er eit ca. 20 timars kurs. Fredag 22. april startar deltakarane med å lage botn, og eventuelt spilene, på korgene. Det blir elles arbeid med splitting av materiale og fletting.
Som deltakar vel du om du vil lage handkipe, aktarkorg, hasselkorg eller lita ryggkipe.
Hege og Samson er engasjerte formidlarar som loser deltakarane gjennom dei gamle handverksteknikkane, som skal ende i ny kunnskap og ferdig fletta korger.

Prisen for dei ulike korgene er:

  • Handkipe: kr. 2500 (+ kr. 500 i materiale)
     
  • Lita ryggkipe: kr. 2500 (+ kr. 700 i materiale)
     
  • Hasselkorg: kr. 2500 (+ kr. 500 i materiale)
     
  • Aktarkorg: kr. 2500  (+ kr. 500 i materiale)

 

Varmt måltid ein av kursdagane, samt kaffi/te og frukt alle dagane, er inkludert i kursavgifta.
Eventuell overnatting må du som deltakar ordne sjølv. Museet ligg ca. 9 km frå Førde sentrum med moglegheiter for overnatting.

Påmelding:
Send ein e-post til museumspedagog Nina på: ninbre@misf.no,
eller du kan ringe tlf.nr: 414 21 959
Påmeldinga må innehalde følgande: Namn kursdeltakar, namn fakturamottakar, postadresse og e-postadresse fakturamottakar, telefonnummer, og om du har matallergier vi må ta hensyn til.
I tillegg må du opplyse om kva korg du vil lage.


Det er bindande påmelding, og fristen for påmelding er 8. april. Meld deg på i god tid! Kursa våre fyller seg fort opp.
Vi sender ut faktura etter påmeldingsfristen. Materialkostnadar betalast direkte til kursleiar under kurset.

Avmelding: Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå til oss så fort som mogleg. Ring 57 72 12 20 eller send epost.
Avmeldingsgebyr er kr. 500 fram til 8. april. Melder du deg av etter dette må du betale full kursavgift. Same regel gjeld om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ved avlysing, i tilfelle av uforutsette hendingar frå arrangør si side eller for få deltakarar, refunderast fullt kursbeløp til deltakaren.

 

Dei ulike typene korger. Hasselkorg, aktarkorg, handkipe og lita ryggkipe

 

Hjartleg velkomen til lærerike kursdagar på Sunnfjord Museum!