Frå 9. desember 2021 er det innført strengare nasjonale smittevernrutinar. Vi gjennomfører aktiviteten vår fram mot jul som planlagt, men har skjerpa smittevern for at det skal vera ei trygg oppleving for både de som kjem på besøk, og oss tilsette.

  •  Som fram til no, hald dykk heime om de har teikn på luftvegsinfeksjon
  • Vi vil ha avgrensa tal på personar både i utstillingssalen og i butikkområdet for at alle kan halde 1 meters avstand. Respekter kravet, og ha tolmod om de må vente litt for å kome inn, og for å sjå utstillinga. Bruk heile opningstida
  • Hugs god handhygiene, vi set ut handsprit, men ta også gjerne med din eigen
  • Vi oppmodar alle vaksne over 18 om å bruke munnbind.
  • Vi oppmodar alle gjester om å registrere seg for eventuell smittesporing
  •  Vi legg opp til eigen utgang frå utstillingssalen

Velkommen!

 

Foto: Nina R. Brendsdal/Sunnfjord museum