Reklame for pepperkakebygda mi, 2021.

Vi er igjen klare til å opne dørene til pepperkakebygda på Sunnfjord Museum!
Vi ynskjer å skape ei pepperkakebygd basert på bidrag levert inn frå alle dykk. Vi håpar at du vil vere med!
Det kan vere pepperkakehus, andre bygningar, bilar, bussar, hjarte og stjerner. Ei bygd treng også pepperkakemenneske og dyr som kan bu der.
Her er det berre å bruke fantasien, og de kan lage kva enn de ynskjer!

Bidraga leverer du inn til museet i perioden 18. november t.o.m. torsdag 25. november, mellom kl. 08.30 - 15.30
Torsdag 25. november har vi ope til kl. 20.00.

Dei som kjem med bidrag får flott diplom og ein gratis billett til pepperkakebygda.

"Pepperkakebygda mi" 2021 opnar laurdag 27. november kl. 11.
 

Vi håpar å sjå deg og ditt bidrag!