Også før Halloween var tida rundt 31. oktober ein skummel dag. I gamal keltisk tradisjon var dette overgangen mellom sommar og haust, og var kjent som ei heimsøkt natt der både døde og underjordiske var ute.

Mørke haust- og vinternetter og mindre kontroll på både livet og naturen var bakgrunnen for den rike førestillingsverda i norsk folketru. Underjordiske vesen, som tussar og troll, er urgamle skikkelsar som levde parallelt med menneska.

31. oktober inviterer vi til ein småskummel dag på museet, der du kan lære meir om tussar og troll – som nok var like skummelt som dagens Halloween! 

Program

  • 11:00 -15:00 Verkstad der du kan lage ditt eige troll og teikne sitt eige monster eller vesen frå folketrua
  • 12.00 og 13.00 Omvising i tunet der vi fortel om tussar, troll og andre vesen, og korleis ein kunne beskytte seg mot dei ute og inne.
  • 13.00 og 14.00: Kort foredrag om symbol og folketru.

Billettprisar


Vaksne: 70 kroner
Student/honnør: 50 kroner
Barn opp til 18 år: Gratis

Vel møtt!