Reklameplakat som viser foredragshaldarane Sissel Brunstad og Camilla Aasen

Sundag 3. oktober, kl. 13-15 opnar vi dørene til haustens første museumssundag!
Denne ettermiddagen kjem Sissel Brunstad, forfattaren bak boka "Norsk ølhistorie - frå Odins skål til i dag" og
Camilla Aasen, gründeren bak Vestavin AS. Dette blir to spennande foredrag der du får høyre om tradisjonar, kultur, draumar og satsing. Foredraga er eit must for alle øl- og vinelskarar, og kulturinteresserte! 

Sissel Brunstad har grave i gamle kjelder, snakka med dei fremste ekspertane og med ølbryggjarar i heile landet som framleis bryggjar på gamlemåten. I foredraget tar ho oss med på ei reise i norsk ølhistorie, også den på Vestlandet, og lovar mang ei ah-oppleving undervegs. Foredraget er eit must for alle ølelskarar og kulturinteresserte. Kunnskap om den gamle bryggekunsten kan vere til inspirasjon for alle som har gått i gang med ølbrygging dei siste åra.
Sissel Brunstad er frå Sykkylven på Sunnmøre. Ho er journalist med stor interesse for mellom anna kulturhistorie.
Ho er tilsett ved NRK Møre og Romsdal og jobbar med nyhende, feature og dokumentar på radio, tv og nett.

Camilla Aasen er mellom anna gjennom lokalmedia kjend som gründeren bak Vestavin.
I 2014 fekk Camilla Aasen det føre seg at ho måtte finne ut kva fruktvin var, eller rettare sagt, kva det kunne vere. Kva var mogleg å få til med alle desse ressursane og råvarene som finst rundt oss her i vest? Dette spørsmålet var starten på det som no er Vestavin. I sommar har Camilla kjøpt ein gard der ho skal bygge opp Vingarden på Jølst og utvikle Vestavin vidare. Denne ettermiddagen/ Søndag 3. oktober vil ho fortelje meir om korleis det starta, litt om dei tradisjonane ho bygger på og ikkje minst kva draumar og planar ho har for fruktvin frå vest.

 

Billettar: kr. 100. Lett servering.
Vi følgjer sjølvsagt alle smittevernreglar, og legg til rette for trygge og gode opplevingar hos oss. 

Hjartleg velkomen!