Reklame for ølbryggingskurs. Bilete av ølbolle, kjenge og øl som vert tappa på glas.

KUSET ER FULLT! 
Har du interesse i slike og liknande kurs? Då er du velkommen til å sende ein e-post til ninbre@misf.no og vi held deg oppdatert på nye kurs.

 

Har du ein draum om å brygge ditt eige øl, og ynskjer å lære meir om ølbrygging?
Laurdag 2. oktober blir det kurs i ølbrygging der vi skal brygge på gamlemåten.

Kursleiar er Øystein Menes. Han har snart 40 års erfaring med brygging og lærte å brygge i Framfjorden i Vik, i Sogn. Der er det mykje likt måten dei bryggar på Voss. Ølbrygging har gamle tradisjonar og kan vere litt forskjellig frå bygd til bygd.
På bryggedagen startar vi med brygging, men Menes vil gå igjennom prosessen med melting og spiring slik som det var før.
Brygging består av fleire fasar.  Melting, spiring, knusing, brygging, oppskåke og smaking/drikke. I dag kan ein kjøpe ferdige bryggeri som gjær brygginga enklare og ein kan brygge mindre mengde. Desse bryggeria er svært bra og Menes vil også vise eit slikt på kurset.

Brygginga foregår inne i det flotte eldhuset frå Vikja i Viksdalen, bygd kring 1850.

I tillegg til bryggedagen har du som deltakar moglegheit til å lære meir om den norske ølhistoria når forfattar bak boka «Norsk ølhistorie – frå Odins skål til i dag», Sissel Brunstad, kjem til museet 3. oktober.

Laurdag 23. oktober møtast vi til oppskåke og smaking. Ølet vert tappa og fordelt på deltakarane, til å ta med heim og nyte.

 

Pris: kr. 1600.

Inkludert i prisen er:

- Ølbrygging 2. oktober
- Varmt måltid på bryggedagen.
- Lett servering og kaffi
- Tilgang til arrangement 3. oktober.
- Oppskåke og smaking 23. oktober.

Deltakarar må vere over 18 år.

Påmelding:
Du melder deg på kurs ved å sende ein e-post til: ninbre@misf.no,
eller du kan ringe tlf.nr: 414 21 959.
Påmeldinga må innehalde følgande: Namn kursdeltakar, namn fakturamottakar, postadresse og e-postadresse fakturamottakar, telefonnummer, og om du har matallergier vi må ta hensyn til.

Det er bindande påmelding, og fristen for påmelding er 24. september.
Meld deg på i god tid! Kursa våre fyller seg fort opp. Vi sender ut faktura etter påmeldingsfristen.

Avmelding: Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå til oss så fort som mogleg. Ring 57 72 12 20 eller send epost.
Avmeldingsgebyr er kr. 500 fram til 24. september. Melder du deg av etter dette må du betale full kursavgift. Same regel gjeld om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ved avlysing, i tilfelle av ufortsette hendingar frå arrangør si side eller for få deltakarar, refunderast fullt kursbeløp til deltakaren.

Hjartleg velkommen på kurs!