Reklame for kurs i korgfletting. Bilde av kursleiarar og fletta korger


Ynskjer du å lære deg noko nytt? Kva med å flette di eiga korg?
21. - 24. oktober blir det kurs i korgfletting i verkstadbygget på Sunnfjord Museum!

Kursleiarane er Hege Wiken og Samson Øvstebø, som begge har vore her tidlegare. Dei er to engasjerte formidlarar som loser deltakarane gjennom dei gamle handverksteknikkane, som skal ende i ny kunnskap og ferdig fletta korger.
Både Wiken og Øvstebø har dei dei siste åra jobba med fleire typer tradisjonelle korger i prosjekt gjennom Norsk Handverksinstitutt, og Hege Wiken er no stipendiat for Handverksinstituttet der ho fordjupar seg spesielt i korger i splitta materiale.

Kurset er eit 4 dagars kurs (ca. 8 timar per dag, 32 timar totalt), og som deltakar vel du om du vil lage handkipe, ryggkipe, vedmeis eller aktarkorg.

Prisen for dei ulike korgene er:

  • Handkipe: kr. 3000 (+ kr. 500 i materiale)
  • Ryggkipe: kr. 3000 (+ kr. 700 i materiale)
  • Vedmeis: kr. 3000 (+ kr. 500 i materiale)
  • Aktarkorg: kr. 3000 (+ kr. 500 i materiale)

Varmt måltid ein av kursdagane, samt kaffi/te og frukt alle dagane, er inkludert i kursavgifta.

Påmelding:
Du melder deg på kurs ved å sende ein e-post til museumspedagog Nina på: ninbre@misf.no,
eller du kan ringe tlf.nr: 414 21 959
Påmeldinga må innehalde følgande: Namn kursdeltakar, namn fakturamottakar, postadresse og e-postadresse fakturamottakar, telefonnummer, og om du har matallergier vi må ta hensyn til. I tillegg må du opplyse om kva korg du vil lage.

Det er bindande påmelding, og fristen for påmelding er 6. oktober. Meld deg på i god tid! Kursa våre fyller seg fort opp.
Vi sender ut faktura etter påmeldingsfristen. Materialkostnadar betalast direkte til kursleiar under kurset.

Avmelding: Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå til oss så fort som mogleg. Ring 57 72 12 20 eller send epost.
Avmeldingsgebyr er kr. 500 fram til 6. oktober. Melder du deg av etter dette må du betale full kursavgift. Same regel gjeld om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ved avlysing, i tilfelle av ufortsette hendingar frå arrangør si side eller for få deltakarar,  refunderast fullt kursbeløp til deltakaren.

Hjartleg velkomen til lærerike kursdagar på Sunnfjord Museum!