Sunnfjord museum og Midtre Sunnfjord husflidslag er veldig glade for at vi i år igjen kan arrangere den tradisjonelle Handverk-og husflidsmessa i Movika!

Det er litt færre utstillerar på messa enn tidligare år, og det vil vera nye tiltak for at messa skal kunne arrangerast på ein trygg og smittevennlig måte.

Av smittevernsårsakar blir det desverre ikkje kafedrift i Halbrendshuset i år, men det blir høve til å kjøpe med seg sveler og natronkaker heim - eller du kan sjølvsagt ete dei medan du er på messa! Kaffi, brus og litt anna godt finn du som vanlig i museumsresepsjonen. 

Det vil også bli aktivitetar for heile familien. Ung Husflid kjem, og du kan prøve å lage band i Skulestova. Du har høve til å sjå utstillinga "En stilling som fotograf." Samlinga etter sunnfjordfotograf Olai Fauske.

Opningstider: 

Laurdag 11. September 2021  12.00 - 16.00
Sundag  12. September 2021  12.00 -16.00    

Billettar:
Vaksne 70 kroner
Student/honnør: 50 kroner
Barn: gratis

Vi gjer merksam på at om det blir endringar i den lokale smittesituasjonen kan det bli endringar. Dette vil vi halde dykk oppdatert om.

Vel møtt!