Reklame for familiedagane på museet. Bilde av ungar som deltek på ymse aktivitetar.

Vi har ope kvar dag i sommar! På nokre dagar vil vi ha familiedagar der du kan bli med på omvising tilpassa born og familiar. Dei flinke guidane pratar om alt frå huldre og troll, til korleis det var å vekse opp i gamle dagar. I tillegg kjem det til å vere lagt til rette for ulike aktivitetar i tunet og inne i nokre av husa våre.

NB! På dagar med arrangement ynskjer vi at alle som skal nytte seg av musumsområdet løyser billett. Dette er på grunn av smittesporing, og for at du og alle andre skal få ei trygg og god museumsoppleving.

Museet er ope kvar dag med utstilling, butikk og enkel kafé med kioskvarer, kaffi og is.

Billettprisar:
Vaksen: 70 kr.
Student/Honnør: 50 kr.
Born (opp til 18 år): Gratis!

Opningstider:
Mån - fre: 10-17
Laur - sun: 12-17