Laurdag 26. juni ynskjer vi velkomen til ny sesong på Sunnfjord museum!

Etter ombygging av velkomstbygget gler vi oss til å ta deg imot igjen, og tradisjonen tru inviterer vi til sesongopning.
Vi er så heldige at vi får besøk av bluegrasbandet Strengeplukk som skal halde konsert for oss, og vi håpar dagen blir full av moro for små og store! 

Konsert med Strengeplukk

Strengeplukk er ute på vegen med sin nye LP “Nyslått blågras”, ei herleg blanding av bluegrass på dialekt og kraftfulle instrumentalar med rytmar og melodiar som riv dansefoten. Som alltid spelar dei også musikk frå det amerikanske bluegrassrepertoaret! Scenisk sett er Strengeplukk nærast unikt i norsk samanheng. Runddansen som oppstår ved bruken av ein einaste mikrofon, såkalla «one-mic technique» er verd turen åleine!

Program for dagen

12.00 -17.00 Uteleiker, rebus og open museumsbutikk.
13.00: Geitene får namn
13.30 -14.15 Konsert med Strengeplukk
14.30 Familieomvising i Østendtadstova og  i skulen
15.00 -16.00 Ope hus i Myklebustloftet og husmannsplassen.

Hjartleg velkomen!