Portrett av Olai Fauske, tekst som reklamerer for utstillinga.

1.juli opnar vi utstillinga ««En stilling som fotograf». Samlinga etter sunnfjordfotografen Olai Fauske».

Olai Fauske (1887-1944) er ein av dei viktigaste historiske fotografane frå Sogn og Fjordane, og var ein av få fotografar i Sunnfjord. Etter sin død i 1944 etterlet han seg eit stort og variert materiale som vi syner fram i denne utstillinga. Fauske sine fotografi gjev oss augeblikk inn i fortida
og livet  rundt på sunnfjordbygdene i dei første tiåra på byrjinga av 1900-talet. Samtidig syner bileta den store endringa i samfunnet i denne tida.

Gjennom fotoarkivet og gjenstandssamlinga etter Olai Fauske ynskjer vi at du i denne utstillinga blir betre kjend med Olai Fauske sitt liv og virke, den fotohistoriske utviklinga han er ein del av og Sunnfjord i første del av 1900-talet.

Utstillinga ser du på Sunnfjord museum i perioden 1. juli fram til oktober 2021. Deretter tar utstillinga ein liten pause, og kan sjåast igjen våren 2022.

Følg oss på Facebook og Instagram, og del gjerne ditt favoritt Fauske-foto med oss på #mittFauskefoto

 

bilde frå utstillinga
Frå utstillinga "En stilling som fotograf." Samlinga etter sunnfjordfotografen Olai Fauske. Foto: Sunnfjord museum  

 

bilde frå utstillinga
Frå utstillinga "En stilling som fotograf." Samlinga etter sunnfjordfotografen Olai Fauske. Foto: Sunnfjord museum 

 

bilde frå utstillinga
Frå utstillinga "En stilling som fotograf." Samlinga etter sunnfjordfotografen Olai Fauske. Foto: Sunnfjord museum