"...jeg har sett mange museumsområder gjennem årene, men sjelden har jeg sett noe så vakkert og selvfølgelig som Movika."  Formann i museumsforbundet Robert Kloser ved nyopninga av Sunnfjord museum i Movika,1951 

Sunnfjord museum er ei avdeling av Musea i sogn og Fjordane og eit kulturhistorisk museum som forvaltar kulturarven frå dei indre sunnfjordbygdene. Vi har brei kompetanse innan kulturhistorie, lokalhistorie og handverkstradisjonar. 

Du finn oss ved Movatnet, omlag 9 km aust for Førde, og er ein perfekt stoppeplass om du er på veg gjennom Sunnfjord på E-39. 

Vi har fokus på dagleglivet i sunnfjordbygdene frå tidlig moderne tid fram til i dag. I museumtunet vårt finn du mellom anna eit tøbølt gardstun, husmannsplass og museumsstøl. I sommarhalvåret tilbyr vi alle besøkande guida turar der du får kome inn i fleire av husa i friluftsmuseet. Vi har også skiftande utstillingar, museumsbutikk og enkel servering. Vi tilbyr arrangement for store og små gjennom heile året. 

Frå museumsområdet kan du gå Mostien og Dyreløypa, to natur -og kulturhistoriske turstiar for heile familien. 

Sunnfjord museum er ope heile året, og tilbyr arrangement og formidlingsopplegg til skular og andre utanom sommarsessongen. Du kan lese meir om formidlingstilbuda våre her. Vi kan også skreddarsy faglige tilbud for alle aldersgrupper.

Vi tilbyr også utleige i tre av dei antikvariske husa våre.