Infoplakat om kulturtilbodet Barsok for barn


Bli med på Barsok! Vi har ledige plassar frå januar!

Barsok er eit tilbod for born frå 6-9 år, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Sunnfjord Kulturskule og Sunnfjord Museum. Temaet er kulturarv og tradisjon frå Sunnfjord i mange ulike former. Tilbodet starta for første gong i september, og kvar tysdag denne hausten har borna vore med på spennande og varierte aktivitetar. Vi har dansa, sunge, leika, høyrt eventyr, laga potetkaker, laga primstavar, baka julekaker, prøvd instrument og mykje meir!

For meir informasjon og påmelding, gå inn på www.sunnfjordkulturskule.no