Infoplakat om kurset i korgfletting på Sunnfjord Museum.


Ynskjer du starte året med å lære deg noko nytt?
25. - 28. februar blir det kurs i korgfletting i verkstaden her på Sunnfjord Museum! 
Kursleiarar er korgflettarane Hege Wiken og Samson Øvstebø. Dei har begge vore her tidlegare, og dei er to engasjerte formidlarar som loser deltakarane gjennom desse gamle handverksteknikkane, som skal ende i ny kunnskap og ferdig fletta korger.

Denne gongen kan du som deltakar velge om du vil lage handkipe, vedmeis eller aktarkorg.

Prisen for dei ulike korgene er:

  • Handkipe: kr. 2500 (+ kr. 500 i materiale)
  • Vedmeis: kr. 3500 (+ kr. 700 i materiale)
  • Aktarkorg: kr. 3200 (+ materiale. Pris kjem snart!)

Varmt måltid ein av kursdagane, samt kaffi/te og frukt alle dagane, er inkludert i kursavgifta.

Du melder deg på kurs ved å sende ein e-post til nina.brendsdal@misf.museum.no.
Påmeldinga må innehalde følgande: Namn kursdeltakar, namn fakturamottakar, postadresse og e-postadresse fakturamottakar, telefonnummer, og om du har matallergier vi må ta hensyn til. I tillegg må du opplyse om kva korg du vil lage.

Det er bindande påmelding, og fristen for påmelding er 4. februar. Meld deg på i god tid! Kursa våre fyller seg fort opp.

Vi sender ut faktura etter påmeldingsfristen. Materialkostnadar betalast direkte til kursleiar under kurset.

Avmelding: Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå til oss så fort som mogleg. Ring 57 72 12 20 eller send epost.
Avmeldingsgebyr er kr. 500 fram til 4. februar. Melder du deg av etter dette må du betale full kursavgift. Same regel gjeld om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ved avlysing, i tilfelle av ufortsette hendingar frå arrangør si side eller for få deltakarar,  refunderast fullt kursbeløp til deltakaren.

Hjartleg velkomen til lærerike kursdagar på Sunnfjord Museum!