Delar av friluftsmuseet på Sunnfjord Museum


I haust startar rehabiliteringsarbeid av administrasjonsbygget på Sunnfjord Museum. Vi vil framleis ta imot besøkande i byggeperioden, men rehabiliteringsarbeidet kjem til å ha innverknad på ein del arrangement som var planlagde no i haust. Den  siste tida har det også vore oppblomstring av smittetilfeller med Covid-19 lokalt og elles i landet, og utviklinga rundt  smitte er usikker utover hausten.  Museet har difor bestemt å avlyse ein del arrangement, sidan vi ikkje har dei same fasilitetane på museet under byggeperioden.

Arrangementa som går ut er:
Haustferieaktivitetar 5.-6. oktober
Familiedag 1. november
«Pepperkakebygda mi», inkludert opning 29. november og sundagsope i desember.

Skulebesøk og kurs vil gå som planlagd, i tillegg til utleige i husa våre. Alle er sjølvsagt hjarteleg velkommen til å nytte friluftsområdet, men vi gjer merksam på at det vil vera mindre parkeringstilhøve enn vanlig.

Rehabiliteringsarbeidet skal oppgradere bygget til moderne standard for isolasjon og ventilasjon. Det skal også leggast nytt tak og kontorlokala skal byggast om. I arbeidsperioden kjem vi til å ha mellombels kontorstad i brakker på museumsområdet.

Vi gler oss til å flytte inn i nye kontorlokale våren 2021 og ynskje besøkande velkomen til nye arrangement og utstillingar!