Bilde av administrasjonsbygget på Sunnfjord Museum

Våren 2019 løyvde styret i Musea i Sogn og Fjordane pengar til rehabilitering av administrasjonsbygget her på Sunnfjord museum. Onsdag 9. september 2020 vart det skrive under kontrakt med Drage Entreprenør AS om arbeidet. Rehabiliteringsarbeidet byrjar i veke 40 og er planlagt ferdig til påske 2021. Arbeidet er kostandsrekna til om lag 6 millionar.

Administrasjonsbygget ved Sunnfjord museum i Movika vart sett opp i 1980. Det vart då bygd som kontorstad for 1-2 tilsette. Sunnfjord Museum har i dag seks tilsette og fire av desse har arbeidsstad inne i administrasjonsbygget. Dei dårlige arbeidsforholda har vore ei utfordring i lengre tid, mellom anna med dårlig ventilasjon og inneklima, dårlig tilpassa kontor og små felleslokale.

Det planlagde rehabiliteringsarbeidet skal oppgradere bygget til moderne standard for isolasjon og ventilasjon. Det skal også leggast nytt tak. Kontorlokala skal byggast om og ein vil få på plass eit nytt og moderne møterom som også vil fungere som pauserom. Det nye fellesmagasinet på Ramstad vil løyse utfordringa vi har hatt medoppbevaring av gjenstandssamlinga.

I byggeperioden vil vi ha mellombels kontor i brakker på museumsområdet, og vi vil framleis gjennomføre dei vanlige arbeidsoppgåvene våre med forvaltning av gjenstandar og bygg. Vi vil framleis kunne ta imot besøk og skuleklassar, og ha utleige av husa våre. Det kjem nok til å vera litt dårligare parkeringstilhøve i byggeperioden, og vi kan dessverre ikkje ha like mange arrangement som tidligare, men vi kjem sterkt attende når bygget står klart! Følg med på nettsida og på Facebooksida vår!

På grunn av dei mellombelse kontortilhøva, og at delar av samlinga er pakka ned i samband med rehabiliteringa og flytting til det nye fellesmagasinet, vil vi dessverre fram til våren 2021 ikkje kunne ta imot besøkande for å sjå på delar av samlinga. Ta kontakt med oss for nærmare informasjon.

Vi skulle sjølvsagt ynskje oss meir plass, særlig til formidling og utstillingsproduksjon, men rehabiliteringa vil likevel vera eit stort løft for museet og det museumsfaglige arbeidet. Vi gler oss til å flytte inn i nye kontorlokale og ynskje dykk velkommen våren 2021!