Infoplakat om handverk- og husflidsmessa

Kvart år arrangerer Sunnfjord Museum handverk- og husflidsmesse, i samarbeid med Midtre Sunnfjord Husflidslag og Førde Hagelag.
I år blir messa annleis på grunn av Covid-19. Det blir ikkje sal av handverk- og husflidsprodukt i husa, men vi har laga ein dag fullpakka med program og aktivitetar i tunet!
Sundag 13. september frå kl. 12.00 til 17.00 blir det difor arrangert mini-messe på museet, og i år har vi fått med oss Kvernsteinsparken som medarrangør.

I Sersjantløa kan du sjå og høyre meir om vevde kåper og tekstilar, ved Maren Erland.
Førde Hagelag tilbyr omvising i urtehagen. Her kan du og lage di eiga klutepotte i betong, og finne produkt laga av urter og andre vekster.
Leiar i Midtre Sunnfjord Husflidslag, Malin-Charlotte Ødemark, vil vise korleis du kan redesigne kle, og i smia blir det smiing av eldstål og spiker.


Det blir kafé i Halbrendhuset.

Hjartleg velkomen til mini-handverk- og husflidsmesse på Sunnfjord Museum!