Har du ei interesse for bondeantikviteter? Er du nysgjerrig på korleis ein privatperson kan arbeide med ei museumssamling? Då må du ta turen til oss sundag 27. september kl. 18. Her får du møte Sverre Strandenes som vil fortelje om si store interesse og prosjekt om kjenger.

Strandenes har i heile si yrkeskarriere arbeidd med geofysikk og seismikk innan oljebransjen, og i ein travel kvardag var ein hobby kjærkomen. Ei gradvis aukande interesse for bondeantikvitetar leia han inn på sporet etter vestnorske drikkekar, og med slekt i Sunnfjord var vegen kort til hankestaupa. Etterkvart auka interessa for kjenger, og for nokre år tilbake byrja han eit prosjekt med det føremål å kartlegge og beskrive desse drikkekara meir i detalj.

Våren 2020 kom prosjektet ut i bokform: "Snus i Snogen. Tromf i Brogen - en bok om kjenger". Vi gler oss til å få høyre meir om denne store interessa og om drikkekara som ein viktig eigendel, og korleis dei med sitt mangfold, utforming og rike dekorasjonar gjenspegla godt handverk og skapartrang blant bøndene.

Billettar: 100 kr. Dørene opnar kl. 18.00. Det blir mogleg å få kjøpe boka.
Hjartleg velkomen!