Fire små bileter som viser aktivitetar i friluftsmuseet. Omvising, geitene og ungar som leikar

Vi har ope kvar dag i sommar, og nokre dagar vil vi arrangere familiedagar der du kan bli med på omvising tilpassa born og familiar.
Våre dyktige guidar pratar om alt frå huldre og troll, til korleis det var å vekse opp i gamle dagar.
I tillegg kjem det til å vere lagt til rette for ulike eigenaktivitetar i tunet og inne i nokre av husa våre.

NB! På dagar med arrangement ynskjer vi at alle som skal nytte seg av musumsområdet løyser billett.
Dette er på grunn av smittesporing, og for at du og alle andre skal få ei trygg og god museumsoppleving.

Familiedag 9. juli: Pop-up utstilling med camping som tema. Hiv på deg grilldressen og få eit innblikk i campingturismens historie.
Familiedag 19. juli: Denne dagen tilbyr vi ei omvising for større born og vaksne, der temaet blir sjukdom før koronaviruset. Vi ser på spor av tidligare tiders sjukdommar og pandemiar i tunet og samlinga. Du får høyre om fælslege sjukdommar som pest, kopper og skjørbuk, korleis ein behandla og handtera sjukdom, og korleis det var med på å endre samfunnet.
Familiedag 16. august: Denne dagen er det sesongavslutning på museet. Vi skal til stølen og sjå korleis stølsdrifta var i gamle dagar.

Museet er ope kvar dag med utstilling, butikk og enkel kafé med kioskvarer, kaffi og is.

Billettprisar:
Vaksen: 70 kr.
Student/Honnør: 50 kr.
Born (opp til 18 år): Gratis!

Opningstider:
Mån - fre: 10-17
Laur - sun: 12-17

Hjartleg velkomen!