Sommar i friluftsmuseet

 

Musea i Sogn og Fjordane  og Sunnfjord museum ynskjer velkomen til deg og dine frå 2. juni. Vi er glade for å kunne opne for publikum etter å ha vore stengd ned sidan midten av mars på grunn av korona-pandemien.

Opninga er tilpassa dei rådande retningslinjene frå offentlege helsemyndigheter, som inneber tiltak for å hindre risiko for korona-smitte. Kvar avdeling har ein eigen smittevernansvarlig og alle tilsette har fått opplæring i smittevern. Vi aukar reinhald og passar på avstand. Avgrensa kapasitet vil kunne føre til at noko av tilbodet ikkje er som normalt.

Vi vil også opplyse om at det kan oppstå situasjonar som gjer at vi må stenge tilbodet på avdelingane våre med kort varsel. Vi tilrår at du held deg oppdatert på nettsidene og Facebooksidene til det museet du har tenkt å besøke for informasjon om dette.

Vi tilbyr heller ikkje utleige i sommar. Vi treng Halbrendhuset, Huusstova og Sersjantløa til eigen aktivitet, og vi har ikkje ressursar til eit forsterka reinhald no i sommar. 

For at du skal ha eit godt og trygt besøk hjå oss, er vi avhengig av at du som er på besøk og vi som er tilsette har eit godt samarbeid under opphaldet. På førehand vil vi difor opplyse om følgjande:

  • Om du er sjuk, også med lette luftvegsinfeksjonar eller feber så ber vi deg om å halde deg heime og heller kome til oss når du er frisk igjen. Dette gjeld sjølvsagt også om du er i isolasjon eller karantene.
  • Vi ber deg om å bruke handsprit når du kjem til museet og vask hendene ofte under besøket. Handsprit er plassert ut ved inngang og i fellesområde. Ta gjerne med din eigen handsprit om du skal bruke større delar av området.
  • Hald minst 1 meters avstand til tilsette og andre besøkande ved museet (dette gjeld ikkje om  du kjem i ei gruppe frå same husstand).
  • Tal personar i husa og i bygga våre er avgrensa for å overhalde kravet om avstand, dette vil variere frå stad til stad og bygg til bygg. Bygga vil vera merka med eit makstal på kor mange personar som kan vera inne i dei på ein gong. Dette kan føre til noko ventetid.
  • Vi tek ikkje imot kontantar i sommar, men tilbyr kontaktlaus betaling og Vipps.
  • Besøkande som skal være med på omvisingar eller deltek på eit arrangement må vi be om kontaktinformasjon. Informasjonen er vi pålagt å samle inn i samband med ein mulig smittesporingsituasjon. Vi har gode rutiner på dette, og informasjonen vil bli sletta etter 10 dagar.
  • Ikkje ta unødvendig på gjenstandar i utstilling og i butikk.
  • Det er ikkje sjølvbetening i kafe – vi serverer deg.
  • Vi tek imot skular og barnehagar etter avtale. Er de ei større gruppe, forhandsbestill gjerne på museet du har tenkt å besøke via telefon eller e-post. Kontaktinformasjon finn du på museet si heimeside.
  • Følger du ikkje smittevernhensyna kan vi be deg om å forlate området.