Har du vore å helst på geitene våre? No har dei vore på museet i litt over ei veke, og dei storkosar seg! Men, dei har ikkje fått noko namn endå, og det har vi lyst at du kan hjelpe oss med!
Så bli med, og send oss ditt forslag til oss på: Facebook-sida vår, på Instagram @sunnfjordmuseum, eller i ein epost til sum@misf.no

På plakaten her kan du lese litt om kva som er det særeigne ved kvar av dei. Vi anbefalar sjølsagt at du tar turen på museet og helsar på!

Kva namn dei får, får du vite på sesongopninga på museet laurdag 20. juni!