Mange har spurt etter dyreløypa, og no er den klar!
I år er dyreløypa blitt endra litt for å mellom anna minimere potensielle smitteflater. Vi har difor fjerna faktaarka frå postkassane, og gjort desse faktaarka digitale i form av QR-kodar. 

Dyreløypa er ei natur- og kulturhistorisk vandrerute som museet har sett opp mellom Mostien og museet. Ho høver for både born og vaksne.  I løypa blir du kjent med den lokale faunaen ved hjelp av informasjonstavler som på fleire språk og retta mot både born og vaksne.
På kvar post finn du no ein QR-kode på postkassen som vil vise deg til faktaarka om dei forskjellige dyra.
 

Korleis virkar QR-kodar? 
Dei aller fleste mobiltelefonar i dag har innebygd QR-kodelesar i kameraet. Du rettar kameraet mot QR-koden for å lese av koden, og det kjem eit link opp på skjermen. Trykk på linket for å opne PDF-fila med fakta om dyret.
Om kameraet ditt ikkje har QR-kodelesar, kan du laste ned QR-app i App-store eller Google Play.

God tur!