Hausten 2020 skal Sunnfjord Museum i gang med ei omfattande oppussing av administrasjonsbygget. I det høve skal alle gjenstandane som er lagra i bygget klargjerast for flytting og ekstern lagring. Vi nyttar difor sjansen, og vil i utstillinga "Kulturarv og identitet - eit innblikk i samlinga frå 1920 og fram til i dag" gje dykk eit blikk inn i museet si allsidige gjenstands-  og fotosamling og korleis vi organiserer ei samling på flyttefot.

Sunnfjord Museum skal representere sunnfjordingane og deira plass i samfunnet og historia. Vi ønskjer å ta vare på og vidareføre kunnskap om liv og levd liv i Sunnfjord, og syne kven vi er og kvar vi kjem frå. Samlinga speglar tendensar i ulike tiår og syner eit breitt emneområde frå reiskap til hus og heim til leikar frå barndomen, og elektriske apparat som viser teknologisk utvikling. Samlinga er ein del av kulturarven vår, og slik ein del av vår historie og identitet.

I utstillinga kan du sjå gjenstandar som ein til ulike tider har meint var viktig for ettertida å hugse. Frå starten på 1920-talet, i tiåra etter 1960 då tilgangen på masseproduserte varer auka, og til slutt kva gjenstandar 14-15 åringar i dag ser som kjenneteikn på sin generasjon.