Sommarjobb på Sunnfjord Museum

Er du på jakt etter ein triveleg og variert sommarjobb i Førde? Sunnfjord Museum søkjer museumsvertar/omvisararar til sommarsesongen 2020.

Tidsrom:

1. juni til 31. august 2020. Dette inkluderer helgene i perioden. Du må kunne jobbe i ein lengre periode i dette tidsromet. Har du høve til å starte før 1. juni og jobbe noko etter 31. august vil det også vera opning for dette. 

Oppgåver:

  • Mottak av publikum, sal av billettar, omvising og publikumshandsaming.
  • Reinhald, driftsoppgåver og fortløpande arbeid  i friluftsmuseet og den daglige museumsdrifta.
  • Mulige oppgåver knytt til vedlikehald av uteområdet.
  • Mulige oppgåver knytt til rydding og pakking i samanheng med ombyggingsprosess.  

Du må:  

  • Vera over 16 år. Det er inga øvre aldersgrense. 
  • Kunne arbeide sjølvstendig.
  • Ha gode språkkunnskapar i norsk (eller eit skandinavisk språk) og engelsk. Har du språkkompetanse utover norsk og engelsk er dette ein fordel.

Du bør:

  • Ha god emne, og engasjement, for å formidle på norsk og engelsk.
  • Vera serviceinnstilt og ansvarsbevist.
  • Vera fleksibel.
  • Ha interesse for og gjerne kunnskap om lokal og nasjonal kulturhistorie.

Løn:

Etter avtale og basert på landsovereinskomsten for museum (Virke) 

Søknadsfrist:

2. mars 2020.  Send søknad  og CV til museumsvert Nadia Nardelli (nadia.nardelli@misf.museum.no ) Merk e-posten Søknad sommarjobb 2020. Legg også til i kva periode du kan jobbe. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til korte intervju.

Spørsmål kan rettast til Nadia Nardelli (474 88 741, nadia.nardelli@misf.museum.no)

Foto: Espen Mills
Foto: Espen Mills