Vi ynskjer publikum hjartleg velkomen til handverksdag, laurdag 8. februar kl. 12-16!  
Denne helga vert det arrangert kipebindingskurs i verkstaden på museet. Kurshaldarar Samson Øvstebø og Hege Wiken lærer deltakarane fletting med kløyvde einer, slik kipene vart laga på Vestlandet. Målet for deltakarane er å lage ei handkipe eller ei ryggkipe, og du kan ta turen innom verkstaden for å sjå litt av prosessen med kipene.
Klokka 15.00 vil Øvstebø og Wiken vise fletteteknikkar og metodar på verkstaden, som til dømes laging av lindebasttau, flisfat og vedmeis.
Det er også  open museumsbutikk med mange fine varer og ny utstilling i utstillingssalen. Det vert også sal av handverksprodukt frå Samson Øvstebø.

Born skal ha følge av vaksne. Dette er spesielt viktig inne i verkstadbygget.
 

Billettar:
Vaksne: 70 kr 
Student/honnør: 50 kr
Born (opp til 18 år): gratis.

 

Velkomen!