For tredje år på rad ynskjer vi velkomen til utstillinga "Pepperkakebygda mi" på Sunnfjord Museum.
 
Kom innom for å sjå alle dei fine husa og figurane vi har fått inn, prøv deg på julerebusen i tunet og ta ein kik i museumsbutikken om du er på leit etter julegåver.

Sundag 15. desember ynskjer vi å gje bygningane våre litt ekstra merksemd ved å markere Lys i gamle hus 2019.
I Huus-stova kan du lage ei lykt og bli med på ein lyktevandring i tunet kor vi pratar om bygningane våre.

Vi byr på pepperkaker og gløgg til alle som kjem, og det vert sal av kaffi og kakao og andre kioskvarer.

Opningstider.
Måndag til fredag: 10-15
Sundag 24. november: 11-17 Opning!
Sundag 1. desember: 12-16
Sundag 8. desember: 12-16
Sundag 15. desember: 12-16 + Ljos i gamle hus

Siste opningsdag: fredag 20. desember.


Billettprisar:
Born 0-5: gratis
Born frå 5 år, vaksne, studentar og honnør: 30 kroner

Lyst til å dele bilda dine med oss? 
Bruk emneknaggen #pepperkakebygdami