For tredje år på rad ynskjer vi velkomen til utstillinga "Pepperkakebygda mi" på Sunnfjord Museum.

Kom innom for å sjå alle dei fine husa og figurane vi har fått inn, prøv deg på julerebusen i tunet og ta ein kik i museumsbutikken om du er på leit etter julegåver.

Vi byr på pepperkaker og gløgg til alle som kjem, og det vert sal av kaffi og kakao og andre kioskvarer.

Billettprisar:
Born 0-5: gratis
Born frå 5 år, vaksne, studentar og honnør: 30 kroner

Opningstider.
Måndag til fredag: 10-15
Sundag 24. november: 11-17 Opning!
Sundag 1. desember: 12-16
Sundag 8. desember: 12-16
Sundag 15. desember: 12-16 + Ljos i gamle hus

Siste opningsdag: fredag 20. desember.

 

Lyst til å dele bilda dine med oss? 
Bruk emneknaggen #pepperkakebygdami