Sidan steinalderen har mennesket praktisert kunnskapen om å flette med ulike materiale. Korger var bærereiskapar til ulike føremål, og ei kipe var ein mykje brukt bærereiskap til å transportere ymse varer, fisk, fòr eller gjødsel.
Samson Øvstebø, gardbrukar frå Husnes, har lært seg fletting med kløyvd einer, slik kipene vart laga på vestlandet. Sidan har han heldt mange kurs i denne teknikken, mellom anna her på museet i 2017. Mange deltok, og mange ynskte å delta om kurset vart arrangert igjen. No har de sjansen! 

Fredag 7.- sundag 9. februar 2020 inviterer vi igjen til kurs i kipebinding, i verkstadbygget her på Sunnfjord Museum der Øvstebø lærer og deler sin kunnskap.
Denne helga kan du lære deg å lage ei lita ryggkipe (ca. 35-40 cm.) eller ei handkipe ( ca. 28 cm.) 

Kursavgift:
Ryggkipe: 2300 kr + Materialpakke: 700 kr.
Handkipe: 1800 kr + Materialpakke: 500 kr.

Materialpakke betalast direkte til kurshaldar Samson Øvstebø. Kursavgifta blir fakturert i ettertid pr. e-post. Varmt måltid laurdag, samt kaffi/te alle dagar er inkludert i kursavgifta.

Meld deg på ved å fylle ut skjema på denne lenka: https://forms.gle/56sGZ9u2cNXnbuBo8, eller ta kontakt med Sunnfjord Museum på tlf: 57 72 12 20/ e-post: sum@misf.no 
Frist til påmelding: 17. januar 2020. Bindande påmelding.

Minimum deltakarar for at kurset kan komme i gang: 7 deltakarar.
Maks deltakarar: 11 stk.

Velkommen til ei sosial og lærerik helg i Movika!