Sundag 24. november opnar vi Pepperkakebygda 2019! 

Program for opninga av "Pepperkakebygda mi" 24. november er klart!

Kl. 11: Dørene opnar.
Kl. 11.30: Velkommen v/ Avdelingsleiar på Sunnfjord Museum, Marie Nicolaisen. Opning av utstillinga v/ Ordførar Olve Grotle.
Songelevar frå Jølster Kulturskule syng for oss.
Vi byr på pepperkaker og gløgg. Julerebus i tunet, salg av kaffi og kakao, og open museumsbutikk med mange fine varer.
Ope til kl. 17.00.

Billettar på opninga og i utstillingsperioden: Born 0-5 år: Gratis. Born frå 5 år, vaksne og honnør: 30 kr.

Dette er tredje året på rad vi arrangerer ei slik utstilling, der vi ynskjer å bygge opp ei pepperkakebygd basert på bidrag levert inn frå alle dykk. Vi håpar at du vil vere med! Det kan vere pepperkakehus, andre bygningar, bilar, bussar, hjarte og stjerner. Ei bygd treng også pepperkakemenneske og dyr som kan bu der. Her er det berre å bruke fantasien, og de kan lage kva enn de ynskjer!

Manglar du inspirasjon til pepperkakebakinga og pynting? Du finn tips og triks i lenkene under 

https://www.sintef.no/globalassets/upload/pepperkakehus_julen_2009.pdf
https://www.byggforsk.no/file/index/579
https://coop.no/extra/mat--trender/disse-enkle-pyntetriksene-setter-pepperkakehuset-ditt-pa-kartet/
https://matpaabordet.no/2011/12/05/mine-pepperkakehus-tips/
https://www.naturfag.no/uopplegg/vis.html?tid=1280325


Pepperkakebidrag leverer du på museet i tidsrommet 18. nov.-t.o.m. 22. november, mellom kl. 08.30-15.30.
Torsdag 21. november held vi ope til kl. 20.00.

Hjartleg velkomen og lykke til med bakinga!