Fortidsminneforeningen og Sunnfjord Museum vil ynskje velkommen til føredragskveld sundag 17. november kl. 18.00.

Lillingstonheimen på Tysse i Fjaler vart overteke av Fortidsminneforeningen i februar 2018. Sidan overtakinga har foreningen - som elles feirer 175-årsjubileum i 2019 - jobba aktivt med å dokumentere staden, og er så smått i gang med eit større istandsetjings- og restaureringsprosjekt. Tilsynhavar og prosjektkoordinator for Lillingstonheimen, Alexander A. Rauboti, held føredrag og ynskjer å gjere alle interesserte betre kjend med eigedomen, med hovudfokus på vegen vidare for det ærverdige tunet.

Det andre temaet denne kvelden tar utgangspunkt i torvtak på bygningar i friluftsmuseet på Sunnfjord Museum. Leiande handverkar på museet, Stig Magne Spjutøy, vil snakke om skift og vedlikehald av torvtak, med spesielt fokus på utfordringane knytt til eit mildare, våtare og fuktigare klima, og korleis dette påverkar torvtaka.


Det blir kake og kaffi.
Dørene opnar kl. 17.30 og arrangementet er ope for alle.

Billettar:
For medlem i Fortidsminneforeningen: 70 kr.
For ikkje-medlem: 100 kr.

Hjartleg velkommen!