Vi skrur opp for det skumle og inviterer små og store til sundagsope museum 27. oktober, kl. 12-15.
Klokka 12.30 vert det omvising i tunet kor vi skal sjå etter symbol og merke på dei ulike husa. Etter omvisinga kan du høyre eventyr i Østenstadstova.
I Huus-stova er det trollverkstad der du kan lage ditt eige troll eller monster.

Vi lovar skummel stemning og godteri!

Billettprisar:
Born ( opp til 18 år): Gratis 
Vaksne: 70 kr.
Student/honnør: 50 Kr.

Vi har fått nokre spørsmål om utkledning på sundag.
Vi har ikkje lagt opp til utkledning, men om ungane (eller dei vaksne) ynske må dei berre kle seg ut :)