Midtre Sunnfjord Husflidslag har invitert Christopher Knag til Sunnfjord Museum for å fortelje
om sin lidenskap kring oppussing og vedlikehald av gamle, historiske møblar.
Knag har tatt fleire kurs i treskjæring og møbeltapetsering, og har mellom anna kopiert stolen til presten Petter Dass frå 1680.

Knag er oldebarnet til møbelkunstnaren Christopher Severin Knag (1855-1942) frå Bergen, som i si tid var svært anerkjent ute i verda for sine arbeid.
For tida arbeider Knag saman med kunstindustrimuseet, KODE 1, i Bergen om ei utstilling av Knag-møblar, som skal stå klar i september 2020.
I tillegg blir det produsert ei bok om Christopher Severin Knag som kan bestillast på førehand denne kvelden.

Husflidslaget sel kaffi/te og kaker, og det vert loddsal.

Dørene opnar kl. 18.00. Arrangementet startar kl. 19.00.

Pris: 100 kr. 

Hjartleg velkommen.