Måndag 7. og tysdag 8. oktober kl. 10-15 inviterer vi til kjekke haustferiedagar på Sunnfjord Museum.

Nok ein gong fyller vi tunet med ulike leiker og aktivitetar for store og små!
Bli med Førde Bygdekvinnelag å bake potetkaker i Eldstova, eller sett deg ned med spel og teiknesakar i Huus-stova. I Sersjantløa kan du prøve deg som bogeskyttar, og ute kan du kaste øks eller leite etter løysingsordet til rebusløypa.
Det vert omvising om borns kvardag i Østenstadstova, og i skulestova kan du oppleve skulen i gamle dagar.
Oppe i utstillingssalen kan du sjå utstillinga «Sjå, eg kjem snart! Bilete frå Bedehusland».

For å vere med å lage deigen til potetkakene bør du komme ved opning. Deigen vert kun laga ved opning i Halbrendhuset, medan steikinga skjer gjennom heile dagen i Eldstova.

Omvising om borns kvardag i Østenstadstova kl. 12. (varighet 30-45 min)
Skulen i gamle dagar kl. 13 (varighet ca. ein time)
Sal av kaffi, potetkaker og kioskvarer.
Det vert tent i bålpannane ute, så ta gjerne med grillmat.

Velkommen til kjekke og lærerike dagar i tunet!

Billettar: 50 kr. For vaksne, born og student/honnør.


Velkommen til kjekke og lærerike dagar i tunet!

Billettar: 50 kr. For vaksne, born og student/honnør.