Sundag 22. september kjem Birger Berge tilbake til Sunnfjord Museum.
Ta med deg handarbeidet ditt, kjøp ein kopp kaffi og høyr Birger fortelje.

Sunnfjordingen Birger har ein stor lidenskap for strikking og kan knappast hugse å ikkje kunne den heilt grunnleggande rettmaska. Strikkinga vart etterkvart ein stadig større og viktigare hobby, noko som endte med bokkontrakt.

No er boka "Moderne Tradisjonsstrikk" endeleg her, og Birger kjem for å snakke om den og korleis den har blitt til.

Dørene opnar 17.30

Pris: 70 kr. per person


Foto: Tovelise Mossestad/ Cappelen Damm