Vi inviterer til familieomvisingar i tunet i sommar!

Bli med våre dyktige guidar på ei omvising tilpassa born og familiar. Vi pratar om alt frå tusser og troll, til korleis det var å vakse opp i gamle dagar.
Omvisinga startar kl. 12 og kl. 14, og varer om lag ein time.

Museet er ope kvar dag med utstilling, butikk og enkel kafé med svele, kaffi og is.


Dato for familieomvising:
Torsdag 18. juli
Sundag 28. juli
Torsdag 1. august
Sundag 11. august
Torsdag 15. august

Billettprisar:
Vaksen: 70 kr.
Student/Honnør: 50 kr.
Born (opp til 18 år): Gratis!


Opningstider:
Mån - fre: 10-18
Laur - sun: 12-17