Saman med Sunde Krins Grendalag og Farsund Vel invivterer vi til nok ei Jonsokfeiring på Sunnfjord Museum!

Sundag 23. juni frå klokka 14 vert uteleiker og griller gjort klare til fri bruk i tunet.
Det vert sal av kaffi, is, kaker og brus, omvising i husa, utstilling i hovedbygget og open butikk. 
Kl. 16. vert bålet tent og like etter speler Strengeplukk minikonsert. 

Strengeplukk er eit bluegrassband med ein fot godt planta i amerikansk bluegrass og ein fot på vandring i andre sjangrar som pop/rock og folkemusikk. Gruppa er kjende i Noreg for sin enorme energi, virtuositet og leikenheit. Etter litt over tre år og mange konsertar og festivalar i Noreg og elles Europa, har gruppa spelt inn sitt debutalbum “Fjellvegen” som vart slept sommaren 2018. Sidan det har gruppa fokusert på å spela konsertar i fjern og nær.

 

Kl.17 er det tid for Ta Sjansen!
 

Vaksne: 70 kr.
Born: Gratis 
 Plakat