Måndag 18. og tysdag 19. februar kl. 10-15 inviterer vi store og små til kjekke vinterferieaktivitetar på Sunnfjord museum!


Vi fyller tunet med ulike leiker og aktivtetar. Mellom anna kan du bryne deg på ein heilt ny rebusløype og prøve deg som bogeskyttar i Sersjantløa. I Halbrendshuset kan du prøve potettrykk, i verkstaden kan du spikke eller lage ein fuglekasse til småfuglane og oppe i utstillingssalen kan du sjå ein konservator i arbeid med registrering av gjenstandar.

Det vert tent opp i bålpannene ute, så ta gjerne med grillmat og nyt lunsjen i friluft,
eller du kan søke inn i den varme og koselege Huus-stova der du kan få kjøpt deg ein kaffi. Kaféen i resepsjonen er ope som vanleg. 
 

Velkommen til kjekke og lærerike dagar i tunet!
 

Billettar: 50 kr. For vaksne, born og student/honnør.
Pris for fuglekasse: 100 kr.