Sundag 3 februar klokka 14.00 inviterer vi deg til ein litterær konsert med forfattar Sigmund Løvåsen og musikar Frode Haltli på Sunnfjord museum. 

Det er kulturlandskap som er ramma for tekstane i Sigmund Løvåsens fyrste diktsamling. Det handlar om menneska som formar landskapet, og landskapet som formar menneska. Dikta plasserer lesaren tett på naturen, dyra, fuglane og årstidene. Gjennom mytestoff, draumar, observasjonar og refleksjonar stiller boka grunnleggjande spørsmål omkring vår plass i landskapet og blant dei andre artene. 

Sundag 3. februar får vi høyra han lesa frå samlinga si saman med Frode Haltli som akkompagnerer nokre av tekstane på trekkspel. 


Sigmund Løvåsen frå Trysil stod bak ei av fjorårets mest omtykte diktsamlinger. Han har tidlegare motteke både Tarjei Vesaas debutantpris og P2 lyttarane sin romanpris for bøkene sine.

Frode Haltli har etablert seg som ein av verdas fremste på sitt instrument innan samtids- og kammermusikk og har vore solist med orkester over store delar av verda. Han har gitt ut ei rekke album på det velrennomerte tyske plateselskapet ECM. Haltli opererer innanfor og på tvers av mange ulike sjangrar som m.a. jazz og folkemusikk. I år har han særleg markert seg med det kritikerroste albumet Avant Folk. 


Tidspunkt: sundag 3. februar kl. 14. på Sunnfjord museum.
Vi sel kaffi/te og kaker. 
Billettar: 150 kr. for vaksen og 100 kr. for student/honnør


Hjarteleg velkomen! 


Arrangementet er ein del av Rom for ord sin programserie og vert arrangert i samarbeid med Førde bibliotek. Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket.