Følg Musea i Sogn og Fjordane sin digitale julekalendar!

 

Julekalendaren er i gang! Her kan du lære og høyre meir om jul og adventstid, historier og tradisjonar, og om musea i fylket. Nokre dagar har kalendaren ein quiz og då kan du vinne flotte premiar. Meld deg på kalendaren! 

3. desember, er det Sunnfjord Museum som står bak luka i kalendaren der ein kan lese om brennevinsbua som kjem frå Naustdal.

Luke tre i julekalenderen, brennevinsbu frå Naustdal.
Brennevinsbua sto plassert ved sundet mellom Storeholmen og Holmeset i Naustdal.
Ein dram brennevin var ein vanleg del av kosthaldet til folk i gamle dagar, også til jul. I Jul i Sunnfjord frå 1926 står det mellom anna skrive eit juleminne, nedskrive av A. Korsvoll, Gaular: «Høgsete var i det sudaustlege hyrna av stova og der i kraai hadde far den firkanta butelen med brennevin, og so var det kvar sin dram, ein um kvelden og ein Joledagsmorgon. Me borni fekk ikkje nokon heil dram, men me fekk berre litegrand.»
Også før jul brukte folk brennevin, og då ofte knytt til folketru og skikkar, slik som ein kan lese det i Jul i Sunnfjord frå 1927: «Naar dei slagta julegrisen maatte dei snu seg mot alle 4 heimshyrnor og segje fram ein formel, truleg mot dei vonde vette so ha dei ein dram brennevin som dei slo over grisen».
I og med at Holmesetkarane dreiv handel med brennevinen dei kjøpte med seg frå byen, kan vi førestille oss at folk gjorde ærend til Holmeset etter denne vara slik at dei hadde brennevin til jul. Kor lenge sidan det er sidan bua var i bruk veit vi ikkje sikkert. Det var medlemmer av Sogelaget i Naustdal som tok kontakt og spurte om Sunnfjord Museum ville vere interessert i brennevinsbua, og  i 2012 sto den nyrestaurert i Movika.


Kjelder:
Husetuft, Nils: Gamle skikkar og truer som knyter seg til julehøgtida i Sunnfjordbygderne, i Jul i Sunnfjord 1927.
Korsvoll, A.: Jolehelg for femti-, seksti aar sidan, i Jul i Sunnfjord 1926.
Runde, Harald Jarl: Brennevinsbua, i Sogeskrift for Naustdal 2003.
Runde, Harald Jarl: Brennevinsbua er komen på museum, i Sogeskrift for Naustdal 2012.

14. Desember: Sjømannsjul på Hawaii 

I Sunnfjord Museum sine samlingar finn du fleire plater, og på ein av desse finn du Jens Book Jensen og Egil Monn-Iversens orkester med «Sjømannsjul på Hawaii» frå 1956. Songen, som var ein klassikar i Ønskekonserten, var opphaveleg svensk, men fekk etter kvart også norsk tekst av Juul Hansen. Sputnik har spela inn ein versjon av songen,og den er også spela inn i  «Frem frå glemselen» - serien. Songen skildrar korleis julekvelden kan kjennast for ein sjømann i ei hamn langt heimafrå. Sjå filmen vi har laga om plata og julefeiring for sjømenn i utanriksfart  på Youtube.