Espen Mills, Sunnfjord Museum

Museumsvertar/omvisararar til sommarsesongen 2019.

Er du på jakt etter ein triveleg og variert sommarjobb i Førde? Sunnfjord Museum søkjer museumsvertar/omvisararar til sommarsesongen 2019.

Tidsrom

 1. juni til 31. august 2019. Dette inkluderer helgene i perioden. Du må kunne jobbe i ein lengre periode i dette tidsromet.

Oppgåver

  • Mottak av publikum, sal av billettar, omvising og publikumshandsaming.
  • Reinhald, driftsoppgåver og fortløpande arbeid  i friluftsmuseet og den daglige museumsdrifta.

Du må 

  • Vera over 16 år. Det er inga øvre aldersgrense. 
  • Ha gode språkkunnskapar i norsk (eller eit skandinavisk språk) og engelsk. Har du språkkompetanse utover norsk og engelsk er dette ein fordel.
  • Kunne arbeide sjølvstendig

Du bør

  • Ha god emne, og engasjement for å formidle på norsk og engelsk
  • Vera serviceinnstilt og ansvarsbevist
  • Vera fleksibel
  • Ha interesse for og gjerne kunnskap om lokal og nasjonal kulturhistorie

Løn

Etter avtale og basert på landsovereinskomsten for museum (Virke) 

Søknadsfrist

31. mars 2019.  Send søknad  og CV på e-post til avdelingsleiar Marie Nicolaisen (marie.nicolaisen@misf.museum.no) Merk e-posten Søknad sommarjobb 2019. Legg også til i kva periode du kan jobbe. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til korte intervju.

Spørsmål kan rettast til Marie Nicolaisen (906 19 474, marie.nicolaisen@misf.museum.no