Friluftsmuseet 

I friluftsmuseet ved museet finn du 32 antikvariske bygg. Utgangspunktet er eit tobølt tun, husmannsplass og støl. Tre av husa er frå den opphavlege husmannsplassen Movika. Resten av husa er flytt frå bygdene i indre Sunnfjord. 

5 av husa er innreide og i perioden juni - oktober kan du få omvising i desse og i friluftsmuseet. Området er opent for publikum heile året, men vi oppmodar alle til å bli med på ei guida omvising for å lære meir om bygga og sunnfjord historia. 

Det er ikkje lov med grilling eller annan bruk av eld i friluftsmuseet og vi ber om at alle syner hensyn til dei verdifulle bygga om området. 

 

Hus i friluftslivsmuseet
Vår i frilufstlivsmuseet Foto: Nadine Ranke/Sunnfjord museum