Museum + skule = sunt og sant!

Vi på Sunnfjord Museum ynskjer barnehagar og skuleklassar velkomen til lærerike, meinigsfylte og kjekke opplevingar hos oss.
Vi tek imot skuleklassar og barnehagar på alle trinn, og tilbyr ulike opplegg i tilknyting til bygningane i friluftsmuseet og dei skiftande utstillingane våre. Opplegga kan og kombinerast med aktivitetar i tunet og turstiane våre. Ved påmelding sender vi ut meir praktisk informasjon og program for dagen.

 

Formidlingstilbod hausten 2020

Frå korn til mat

For 4- og 5- åringar i barnehagane. Torsdagar og fredagar i veke 38-40
Menneska har dyrka korn sidan steinalderen, og kornet har vore - og er - ein sentral del av kosthaldet vårt. Med mjølet kunne folka på garden lage mellom anna flatbrød, brød og ulike typar graut. I dette opplegget skal vi sjå på den gamle vasskverna på museet, lære om mat frå 1800-talet og smake litt undervegs. Borna får male korn med handkverna, og vi lagar potetkaker i Halbrendhuset.
Maks 10 born. Pris: Kr. 30 pr. barn. Lærar: gratis.
 

Sjukdom før koronaviruset

For elevar i 8.-10. klasse, VGS og vaksenopplæring. Veke 42-45.
Våren 2020 vart prega av Covid-19, karantene, heimeskule, kohorter, heimekontor, avstand og smittevernråd. Visste du at karantene var ein metode brukt allereie på 1300-talet for å hindre smitte? De får høyre om sjukdomar før koronaviruset. Korleis behandla og handterte ein desse, og korleis var det med på å endre samfunnet?

 

Jul i gamle dagar

Skule og barnehage. Veke 49-51.
Opplev god gammaldags julestemning hos oss. Vi fortel om gamle tradisjonar kring jula, vandrar i tunet, ordnar til juleverkstad og avsluttar med å gå rundt juletreet. Saman skal vi mellom anna sjå korleis folk førebudde seg til jul, kva dei pynta juletreet med og kvifor vi sender julekort. I verkstaden kan elevane få lage julepynt og julekort, kanskje også ei julegåve? Vi serverer pepperkaker og noko varmt å drikke.

 

Pepperkakebygda (GÅR UT på grunn av Covid-19)

Alle. Veke 48-51.
Vi inviterer alle barnehagar og skuleklassar til å lage pepperkakehus til pepperkakebygda vår. Kanskje bygda treng ein skule i målestokk, eit slott eller kanskje eit digert svømmebasseng? Bygda treng og folk og dyr som kan bu der. Her kan de lage kva enn de ynskjer! Vi opnar for innlevering av pepperkakehus og figurar i veke 48. Pepperkakebygda opnar helga 28.-29. november.

 

Skreddersydde tilbod

Skule, barnehage, VGS og vaksenopplæring. Heile året!
Kunne du tenkt deg ein tur til museet med ei gruppe frå barnehagen, skulen eller videregåande, men er usikker på kva opplegg som passar? Vi skreddersyr formidlingsopplegg tilpassa dykkar ynskje, tema og aldersgruppe.

Tema kan til dømes vere:
- Ein skuledag i gamledagar.
- Jordbruk og matproduksjon på 1800-talet
- Barndom på 1800-talet.

 

Digitale tilbod

Tidlegare i vår vart det laga nokre digitale formidlingstilbod som skulle inspirere til aktivitetar heime, på skulen og i samband med fjernundervisning på grunn av Covid-19 pandemien og nedstenginga. Sjølv om vi no er inne i ein meir normal kvardag, blir opplegga ståande til bruk. 

Samlingane våre er alltid tilgjengelege på nett! Besøk https://digitaltmuseum.no/owners/SUM og sjå alt det fine, spennande og rare vi har i magasina våre!

Idékatalog: Leik med mønster! Passar for 1.- 4. klasse
https://drive.google.com/file/d/19FbQfI80EuOOJ_Sldt4A2A0YYGpj7eYN/view?usp=sharing 

Idékatalog: Prøv deg som registrator og lag utstilling! Passar for 7. - 10. klasse
https://drive.google.com/file/d/1_8rb39EjSWo1u5L4PjWq7WxKnrHQ_wnS/view?usp=sharing 

Registreringsskjema: https://drive.google.com/file/d/1lu4SeIFDQJhW10OQS_BOVlxbm6CbYaAK/view?usp=sharing

 

Andre tilbod 

Formidlingstilboda våre kan fint kombinerast med aktivitetar i tunet og med turstiane våre – Dyreløypa og Mostien. Dyreløypa vert opna april/mai og tatt ned igjen i oktober, Mostien er open heile året. Vi har uteleikar og rebusar i tunet som kan brukast saman med formidlingsopplegg eller anna besøk på museet.
Uteområda i friluftmuseet skapar og ei fin ramme kring besøket. Kva med å ta matpausen ute i det fri? Eller legge klasseavslutninga til museet? Vi har grillar som kan brukast av skuleklasser, ta med eige kol/ved. .

 

Til læraren

Ved påmelding sender vi ut meir informasjon og program for dagen.
Alle grupper som deltek på opplegga må ha med seg ein eller fleire vaksne, og det er læraren som har ansvar for gruppa.
Vi ynskjer å gje borna gode opplevingar, og det er bra å vere førebudd. Snakk med borna før besøket. Kva er eit museum, korleis oppfører vi oss, og kva skal gå føre seg under besøket?
I mange av opplegga er vi ute og inne i kalde hus, så det er viktig at borna er godt kledde!
Meld frå i god tid om de har særskilde behov.

Vel møtt! - Vi gler oss til å sjå dykk. 

 

 

skuletilbod