Her finn du alle noverande og tidlegare utstillingar og arrangement.

Vi inviterer til familieomvisingar i tunet i sommar!

Bli med våre dyktige guidar på ei omvising tilpassa born og familiar. Vi pratar om alt frå tusser og troll, til korleis det var å vakse opp i gamle dagar.
Omvisinga startar kl. 12 og kl. 14, og varer om lag ein time.

Saman med Sunde Krins Grendalag og Farsund Vel invivterer vi til nok ei Jonsokfeiring på Sunnfjord Museum!

Sundag 23. juni frå klokka 14 vert uteleiker og griller gjort klare til fri bruk i tunet.

Vi ynskjer å feire ein ny sommarsesong på Sunnfjord museum med ein opningsdag og på programmet står det mykje kjekt både for store og små.

Måndag 18. og tysdag 19. februar kl. 10-15 inviterer vi store og små til kjekke vinterferieaktivitetar på Sunnfjord museum!

Sundag 3 februar klokka 14.00 inviterer vi deg til ein litterær konsert med forfattar Sigmund Løvåsen og musikar Frode Haltli på Sunnfjord museum. 

Vi tek juleferie og siste åpningsdag før jul er torsdag 20. desember. 

Vil du ha tak i oss kan du sende oss ein e-post på sum@misf.no, eller ringe 57 72 12 20 eller direkte til avdelingsleiar Marie Nicolaisen (906 19 474.) 

Vi opnar igjen onsdag 2. januar 2019. 

Søndag 2. desember inviterer Barnas Turlag, i samarbeid med Sunnfjord Museum, til grauttur i Movika. Dei som vil vere med samlast kl 12 i Movika og går Mostien, før det blir servering av graut og pepperkaker i Sersjantløa i friluftsmuseet.

Ta med familie og vener, og finn julestemninga i vakre og historiske omgjevnader hos oss.


Du møter eit julepynta museum med utstillinga "Pepperkakebygda mi 2018" i utstillingssalen.

Utstillinga "Pepperkakebygda! mi 2018" er opna!


Kom og sjå alle dei fine husa og figurane vi har fått inn.
I tunet kan du prøve deg på julerebusen vår, og sjekk ut museumsbutikken om du er på jakt etter julegåver.

Midtre Sunnfjord Husflidslag strekker markeringa av ullveka 2018 nokre dagar, og har i samarbeid med Sunnfjord Museum invitert sivilagronom og bonde, Hilde Buer, til Sunnfjord Museum tirsdag 30. oktober kl. 19.00!

Radarparet, forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth, bak bøkene  «Av stein» og «Norske låver» er attende med ny bok!  Denne gongen om det norske klyngetunet. Laurdag 20. oktober kl. 14.00 kjem dei til Sunnfjord Museum for å presentere den nye boka.

Haustferie!


Måndag 8. og tirsdag 9. oktober, klokka 10.00 - 15.00, inviterer vi heile familien til aktivitetsfylte dagar her på Sunnfjord Museum!

Laurdag 8. (kl. 12-17) og søndag 9. september (kl. 12-16) ynskjer Midtre Sunnfjord Husflidslag og Sunnfjord Museum velkommen til den årlege og tradisjonsrike handverks- og husflidsmessa på Sunnfjord Museum i Movika.

29. juli klokka 12.00 blir det Olsokgudstjeneste på Sunnfjord Museum.

Hjartleg velkommen!

Søndag 8. juli kl. 17.00-18.30 blir det konsert med Cimbaliband her i Movika! 

Søndag 3. juni kl 14.00 blir det konsert med "Krudlalaget" her på museet!

Utstilling om Viksdalsmåling på Sunnfjord Museum
Onsdag 21. og torsdag 22. februar kl. 10-14 inviterer vi store og små til ymse vinterferieaktivitetar på museet.