Her finn du alle noverande og tidlegare utstillingar og arrangement.

Formidlingstilboda til barnehagar og skulane er klare! 

I vår har vi følgande tilbod: 
"Frå korn til mat." (For 4- og 5-åringane i barnehagane)
"Ein skuledag i gamle dagar" (For 1. - 4. klasse.)
"Livet i gamle dagar". (For barnehagar og 1.-7. klasse)

For tredje år på rad ynskjer vi velkomen til utstillinga "Pepperkakebygda mi" på Sunnfjord Museum.
 
Kom innom for å sjå alle dei fine husa og figurane vi har fått inn, prøv deg på julerebusen i tunet og ta ein kik i museumsbutikken om du er på leit etter julegåver.

For tredje år på rad ynskjer vi velkomen til utstillinga "Pepperkakebygda mi" på Sunnfjord Museum.

Sidan steinalderen har mennesket praktisert kunnskapen om å flette med ulike materiale. Korger var bærereiskapar til ulike føremål, og ei kipe var ein mykje brukt bærereiskap til å transportere ymse varer, fisk, fòr eller gjødsel.

Måndag 18. november - fredag 22.november: 08.30-15.30
Torsdag 21. november: 08.30-20.00

Du kan levere inn pepperkakehusa og/eller figurane dine på Sunnfjord Museum frå måndag 18. november til fredag 22. november, mellom 08.30 og 15.30.

Onsdag 6. og torsdag 7. november held vi stengt, men er tilbake som vanleg fredag 8. november.

Sundag 24. november opnar vi Pepperkakebygda 2019! 

Fortidsminneforeningen og Sunnfjord Museum vil ynskje velkommen til føredragskveld sundag 17. november kl. 18.00.

Vi skrur opp for det skumle og inviterer små og store til sundagsope museum 27. oktober, kl. 12-15.
Klokka 12.30 vert det omvising i tunet kor vi skal sjå etter symbol og merke på dei ulike husa. Etter omvisinga kan du høyre eventyr i Østenstadstova.

Midtre Sunnfjord Husflidslag har invitert Christopher Knag til Sunnfjord Museum for å fortelje
om sin lidenskap kring oppussing og vedlikehald av gamle, historiske møblar.

Midtre Sunnfjord Husflidslag har invitert Christopher Knag til Sunnfjord Museum for å fortelje
om sitt arbeid med omtrekking av gamle møblar.

Fotojournalist Erlend Berge kjem til Sunnfjord Museum torsdag 17 oktober klokka 18 for å vise bilete og fortelje om reisa gjennom bedehusland.

Måndag 7. og tysdag 8. oktober kl. 10-15 inviterer vi til kjekke haustferiedagar på Sunnfjord Museum.

Nok ein gong fyller vi tunet med ulike leiker og aktivitetar for store og små!

Utstillinga blir opna av fotojournalist Bent Are Iversen og avdelingsleiar ved Sunnfjord museum, Marie Nicolaisen.

Etter programmet inviterar vi til bedehusfaffi i Halbrendhuset.

Fri inngang.

September:
7 og 8 september: Handverk- og husflidsmesse 2019 med Midtre Sunnfjord Husflidslag
22 september: Handarbeidskafè med Birger Berge
29 september: Utstillingsopning "Sjå, eg kjem snart! Bilete frå Bedehusland"

«Bedehusa har alt ein fotograf kan drøyme om. Strietapet og rørstolar, falma Jesus-bilete og norskproduserte industrilamper. Døden på Golgata og vona om evig liv.(..) Bulka kaffikjelar og sirlege årsprotokollar. Skrifta på veggen som minner om dommedag –og at Jesus lever.

Sundag 22. september kjem Birger Berge tilbake til Sunnfjord Museum.
Ta med deg handarbeidet ditt, kjøp ein kopp kaffi og høyr Birger fortelje.

7-8 september frå kl 12 til 16, ynskjer Sunnfjord museum og Midtre Sunnfjord Husflidlag vel møtt til den årlige husflids-og hanverksmessa i Movika.

Vi ynskjer å feire ein godt besøkt og kjekk sommar med ei sesongavslutting i tunet sundag 1. september frå 12 til 15.
På programmet er det noko for både små og store.

Foreløpig program:
Ein tur på støylen
Familieomvising med barns kvardag som tema: kl. 12

Vi inviterer til familieomvisingar i tunet i sommar!

Bli med våre dyktige guidar på ei omvising tilpassa born og familiar. Vi pratar om alt frå tusser og troll, til korleis det var å vakse opp i gamle dagar.
Omvisinga startar kl. 12 og kl. 14, og varer om lag ein time.