Her finn du alle noverande og tidlegare utstillingar og arrangement.

Vi på Sunnfjord Museum vil ynskje alle saman ei riktig god påske!

 

 

Som eit tiltak for å avgrense spreiing av coronavirus (Covid-19) blir museet dessverre stengt fram til 13. april.

Vi oppdaterar informasjonen og følg råda som kjem frå Folkehelseinstituttet.

Dette arrangementet er avlyst!

Hausten 2020 skal Sunnfjord Museum i gang med ei omfattande oppussing av administrasjonsbygget. I det høve skal alle gjenstandane som er lagra i bygget klargjerast for flytting og ekstern lagring.

Måndag 17. og tysdag 18. februar kl. 10-15 inviterer vi små og store til kjekke vinterferieaktivitetar på Sunnfjord museum!

Vi ynskjer publikum hjartleg velkomen til handverksdag, laurdag 8. februar kl. 12-16!  

Du har kanskje sett han fortelje om boka Norske utedoer på Lindmo på NRK? Vi er så heldige å få besøk av ein av forfattarane bak boka, Roar Vingelsgaard. Han har satt av to kveldar, sundag 23. februar og måndag 24.

Formidlingstilboda til barnehagar og skulane er klare! 

I vår har vi følgande tilbod: 
"Frå korn til mat." (For 4- og 5-åringane i barnehagane)
"Ein skuledag i gamle dagar" (For 1. - 4. klasse.)
"Livet i gamle dagar". (For barnehagar og 1.-7. klasse)

For tredje år på rad ynskjer vi velkomen til utstillinga "Pepperkakebygda mi" på Sunnfjord Museum.
 
Kom innom for å sjå alle dei fine husa og figurane vi har fått inn, prøv deg på julerebusen i tunet og ta ein kik i museumsbutikken om du er på leit etter julegåver.

For tredje år på rad ynskjer vi velkomen til utstillinga "Pepperkakebygda mi" på Sunnfjord Museum.

Sidan steinalderen har mennesket praktisert kunnskapen om å flette med ulike materiale. Korger var bærereiskapar til ulike føremål, og ei kipe var ein mykje brukt bærereiskap til å transportere ymse varer, fisk, fòr eller gjødsel.

Måndag 18. november - fredag 22.november: 08.30-15.30
Torsdag 21. november: 08.30-20.00

Du kan levere inn pepperkakehusa og/eller figurane dine på Sunnfjord Museum frå måndag 18. november til fredag 22. november, mellom 08.30 og 15.30.

Onsdag 6. og torsdag 7. november held vi stengt, men er tilbake som vanleg fredag 8. november.

Sundag 24. november opnar vi Pepperkakebygda 2019! 

Fortidsminneforeningen og Sunnfjord Museum vil ynskje velkommen til føredragskveld sundag 17. november kl. 18.00.

Vi skrur opp for det skumle og inviterer små og store til sundagsope museum 27. oktober, kl. 12-15.
Klokka 12.30 vert det omvising i tunet kor vi skal sjå etter symbol og merke på dei ulike husa. Etter omvisinga kan du høyre eventyr i Østenstadstova.

Midtre Sunnfjord Husflidslag har invitert Christopher Knag til Sunnfjord Museum for å fortelje
om sin lidenskap kring oppussing og vedlikehald av gamle, historiske møblar.

Midtre Sunnfjord Husflidslag har invitert Christopher Knag til Sunnfjord Museum for å fortelje
om sitt arbeid med omtrekking av gamle møblar.

Fotojournalist Erlend Berge kjem til Sunnfjord Museum torsdag 17 oktober klokka 18 for å vise bilete og fortelje om reisa gjennom bedehusland.

Måndag 7. og tysdag 8. oktober kl. 10-15 inviterer vi til kjekke haustferiedagar på Sunnfjord Museum.

Nok ein gong fyller vi tunet med ulike leiker og aktivitetar for store og små!