Båtutleige i samarbeid med Go´ Kajakk

I samarbeid med museet leiger Go´ Kajakk ut ein klassisk trebåt av typen Nordfjordfæring.
Båten er bygd på Sandane av båtbyggar Kristen Arnestad.

Du kan leige båten til bryllaup, fiske eller rein rekreasjon.

Kvar: Movatnet i Movika
Når: frå 1.juni - 1.oktober i museet si opningstid
Booking

Pris: 150 k pr. time. Årer og flytevest er inkludert. Dette får du utlevert på museet. 

Go´ Kajakk AS er ei aktivitetsbedrift og butikk i Førde i Sogn og Fjordane.
Bedrifta driv med kursing, kajakkskule, guiding og utleige av kajakk, robåt, SUP og sykkel. 
Dei samarbeider med bedriftsnettverka Nasjonal Turistveg Gaularfjellet, Kayak the Fjords og Jølster 365, og kan saman
med dei skreddersy opplegg for små og mellomstore grupper. 

Go`Kajakk