Peparkakebygda mi

Peparkakebygda blir i år for fyrste gong til som utstilling på Sunnfjord museum. Og vi oppmodar sjølvsagt sunnfjordingen, alle nye som vel innfødte: Ta kjevla fatt, målebandet, matpapir og pizzahjul og leik deg som byggherre, arkitekt, designar og sjefspyntar - eller alt på ein gong i lag med vener og familie. Du kan formgje bygningar frå eigen kommune, eiga bygd, kanskje eige hus med folk og fe, ja alt du måtte ynskje å syne fram frå heimstaden din. Vi på museet har rydda utstillingsrommet vårt og jobbar i skrivande stund med oppbygging av kulissane til alle byggverka som har byrja å komme inn. Og åpninga ho blir fyrste adventshelga i desember. Kulissane blir ikkje ei korrekt gjenskaping, men ei gjenskaping på nybyrjar-peparkakeutstillar-vis får me vel kalle det.

Teikne, skjere, steike, lime og pynte - Ja, har du ein entrepenør i magen så få han opp og fram for no skal Sunnfjord byggjast i deilig peparkakedeig!

 

Pepparkakehusoppskrift

 

  • Praktisk info

Kom til oss med byggverka dykkar frå 21. nov. og fram t.o.m torsdag 30. november. Vi har ope kvardagar for levering (8:00-15:30).

Spesialtid for mottak på kvelden: tysdag 28.nov. kl 17:30-19:00

  • Opningstider:

Laurdag 2. des. kl 11 - 17

Sundag 3. des: 12 - 16

Sundag 11. des. kl 14 - 16

Sundag 17. des kl 14 - 16 (Siste utstillingshelg)

I vekedagane er utstillinga open kl 9:00 - 15:30

Utstillinga varer til og med 18. desember.

  • Billettpris:

Alle som leverer eigne byggverk til utstillinga får sjølsagd gratis inngang.

Alle under 12 år kjem inn gratis

Frå 12 - 90 år kr 30,-

Alle over 90 kjem og gratis! (Hugs legitimasjon for 90-åringane er jo so unge i dag ;-)

 

Velkomne til Peparkakebygda på Sunnfjord Museum!

 

Tekst: Lene Seim 
Bildekollage: coop.no (sjå gjerne artikkel der for tips & triks)