Selskapslokale > Halbrendshuset 

Halbrendshuset eignar seg for grupper opp til 36 personar. Heilårsbruk. Nytt moderne kjøkken. Dekketøy.

Dette bustadhuset kjem frå bruk nr.7 på Halbrend i Førde og vart sett opp på Sunnfjord Museum midt på 1990-talet. Siste eigar var Leif Halbrend. Han fekk så vidt oppleve at huset kom opp før han døydde i 1997. Han hadde eit ynskje om at huset skulle stå i Movika og vere til glede og nytte for alle.

Huset er eit typisk midtgangshus frå andre halvdel av 1800-talet med dør inn midt på langsida til ein gang og kammers/kjøkken og stover på kvar side. I dette høvet vart eine stova opphaveleg nytta som kjøkken.

Det er usikkert kor gamalt huset er, men det er med på eit av dei eldste bileta vi kjenner frå Førde frå tidleg på 1860-talet. Truleg var det nybygt på denne tida. I samband med oppattsettinga på museet vart det bygd eit moderne kjøkken i bakkant med gasskomfyr, oppvaskmaskin og dekketøy.

Historien om Halbrendshuset...last ned pdf.

Halbrendshuset sunnfjord museum

 

halbrendshuset